På opningsfesten på Stord kulturhus sundag 3. november opptrer Einar Økland, Frode Grytten og Mads Børven med Gabba Gabba Hey!, og det blir song, musikk og dans av og med ungar og ungdom frå lokale grupper.
Den sjuande Falturiltu-festivalen finn stad 3. – 8. november, og byr på ei veka med eit allsidig program. Blant anna fleire opne førestillingar for born og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar samt skrivekurs og utstilling av barneteikningar er med i festivalprogrammet i år.
Viser fram nynorsk litteratur
Falturiltu er ein festival som viser fram nynorske bøker og forfattarar på ulike måtar og i ulike samanhengar. Festivalen er eigd av Stord kommune, og har til no fått støtte av Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, Sunnhordland Kraftlag og Det Norske Samlaget.
Festivalen samarbeider med Sunnhordland Museum, Stord folkebibliotek, Høgskulen Stord/Haugesund og Stord Mållag.
For meir informasjon om festivalen:
Festivalkoordinator Kristine Thorkildsen
e-post: kristine.thorkildsen@stord.kommune.no
telefon: 53 49 69 59
Les meir om Falturiltu og programmet for kvar dag her.