Gjennom midlar frå Statsforvaltaren i Vestland så har Stord kommune fått moglegheit til å setja av 4 dagar til å arbeida saman om å forbetra samhandlinga, høyra historiar frå brukarar og kartlegga hindringar og arbeida med å løysa dei utfordringane som er identifisert.
Me opplev at tilbodet har forbetringspotensiale og me ser at me må snakka saman med våre tenester internt i kommunen i alderen 0 – 25 år, med spesialisthelsetenesta, brukarorganisasjonane og rådet for personar med nedsett funksjonsevne, seier einingsleiar i førebyggjande tenester, Birthe Blokhus.