Festivalen samlar barn og ungdom frå teatergrupper på Vestlandet og i Rogaland. I år kjem deltakarane frå Askøy, Bergen, Haugesund og Stord. Det blir vist heile 11 ulike framsyningar i storsalen gjennom helga, og alle er opne for publikum.
Teaterfestivalen blei arrangert for aller første gong 13. – 14. april 1985 som ein del av Barneteaterprosjektet i Hordaland. Den gongen peika Stord og Sunnhordland seg ut som eit kraftsentrum for barne- og ungdomsteater i fylket – ei rolle regionen framleis har. I dag er festivalen koordinert av Stord kommune, medan Stord teaterlag har hatt rolla som teknisk arrangør heilt sidan oppstarten.
Framsyningane startar fredag kveld med premieren på stykket "MIROR MOROR" ved gruppa Spinae. Laurdag morgon viser arrangøren Stord teaterlag "Familiemusikalen Peter Pan". Deretter går det slag i slag med teaterframsyningar fram til søndag ettermiddag.
Festivalen skapar kvart år mykje liv i kulturhuset og gir unge skodespelarar frå ulike kommunar høve til å møtast, lære av kvarandre og stå på ei profesjonell scene. Publikum er velkomne til å ta del i ei helg fylt med teaterglede og engasjement.
Programmet finn du på denne lenka.