Tankevirus
Tankevirus er eit kurs som fokuserer på å identifisere og handsame negative tankemønster som kan påverke vår mentale helse. Gjennom praktiske øvingar og teori lærer deltakarane å kjenne att destruktive tankar og erstatte dei med meir konstruktive tankemønster. Dette bidrar til auka trivsel og betre psykisk helse.
Deltaking og føremål
11 lærlingar tok del i kurset, og ved å legge til rette for kurset viser Stord kommune sitt engasjement for lærlingane sin trivsel og utvikling. Målet er å gi dei best mogleg føresetnader for å lukkast både i arbeidslivet og livet generelt.
Strategisk partnerskap med NAV Stord
Stord kommune er strategisk partner med Nav, og gjennom partnerskapet har kommunen som arbeidsgjevar fått tilgang på kurset. I samarbeidet er satsinga på lærlingar peikt på som éi av tre hovudsatsingar. Partnerskapet er ein del av kommunens pågåande satsing for ma. lærlingar og unge vaksne, og gjev moglegheiter for vidare samarbeid og utvikling av tiltak som styrkjer både helse og trivsel. I tillegg samarbeider Stord kommune med Nav om eit nærværsprosjektet, og om generell rekruttering.