Vil gje meistring

Målet med prosjektet er å prøva ut ny teknologi som skal halde oppe og auke funksjonsnivået, og gje tryggleik og størst mogleg grad av sjølvstende hjå brukarar av pleie- og omsorgstenester.

Prosjektet starta i april 2014, der måletalet var å få 15 brukarar i løpet av 2014. I 2015 auka dei måltalet med 50 brukarar. No er målet nådd. Med 65 brukarar av ulike hjelpemiddel, som fallalarm, dørsensor, GPS, brannvarsling, alarmklokke og medisindispenser mm. 

Pilotkommune

Prosjektleiar Hilde Susann H. Aadland er veldig nøgd med at dei har nådd målet. I tillegg til å prøva ut teknologien er kommunen pilot for prosjektet og må visa kva dei har erfart og dela denne kunnskapen med andre kommunar. 

- Eg hadde ikkje trudd me skulle nå målet i sommar, men så plutselig skaut det fart og me kom i mål. Det er eit veldig spanande prosjekt og me er heldig som har brukarar som er villige til å prøva ut ulike teknologiar. Utan dei hadde det ikkje gått, seier Aadland.

Tilpassar teknologien

Sjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane og ergoterapeut Solfrid Dahle har vert ute hjå brukarane og snakka med dei og gjort evalueringar i samband med utprøvinga. 

- Mange opplever at dei har god erfaring med hjelpemidla, andre syns ikkje dei svarar til forventningane. Då ser me på korleis me kan meir individuelt tilpassa teknologien til den enkelte og tar erfaringane med oss vidare i arbeidet med å finna teknologi som passar slike utfordringar, seier Barane.

Prosjektet er ferdig i år og vil bli ein del av tenestene innan pleie og omsorg i løpet av 2016. 

Her kan du sjå prosjektplanen

Følg velferdsteknologiprogrammet på facebook

Bilete på topp frå venstre: Britt Sørensen Dalsgård, Britt Nelly Hystad Barane, Solfrid Dahle, Ton De Vreede, Liljan Dahl og Hilde Susann Hystad Aadland.