Vallokale og opningstid på valdagen
Røystekrins | Røystelokale | Opningstid |
---|---|---|
Huglo | Huglo bygdehus | |
Leirvik | Kulturhuset | |
Nordbygdo | Prestagardsskogen fleirbrukshall | |
Sagvåg | Nysæter ungdomsskule, kultur- og idrettspark |
Hugs at du har lov til å røysta i det lokalet du ønskjer!
Hugs gyldig legitimasjon når du skal røysta. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalda bilete, namn og fødselsdato.
Me oppmodar om å førehandsrøyste i perioden 11. august til 5. september.
Har du røysterett og står i manntalet?
Alle veljarar som har røysterett og som er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i per 30.06.2025. (Manntalet er ei liste over alle personar som har røysterett ved val i Noreg.) Har du flytta etter denne datoen, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn omlag
Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til valstyret i Stord.
Til skjema for krav om retting i manntalet
Du kan og senda det til post@stord.kommune.no eller per post til postboks 304, 5402 Stord.
Dette er krava du må ha for å kunne røysta ved stortingsvalet 2025:
- Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2025.
- Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet har røysterett uavhengig om dei er eller har vore folkeregistrert som busatt i Noreg.
Bur du i utlandet
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.
Røysting heime
Veljarar som er sjuke eller uføre, og som difor ikkje kan røyste på nokon av dei ordinære førehandsrøystelokala, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg. Fristen for å melde inn behov om dette er torsdag 4. september innan kl. 12.00.
Meld inn namn, adresse og telefonnummer (unngå sensitiv informasjon) til fellestenester@stord.kommune.no, eller ring oss på 53 49 66 00 (måndag til fredag mellom kl. 09.30 - 11.00 eller 12.30 - 14.30).
Hjelp til å røyste i vallokalet
Veljarar har rett til rettleiing om korleis dei kan røyste.
Ein veljar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan røyste aleine, kan etter eige ønske få hjelp av ein valmedarbeidar eller ein anna person som veljaren peiker ut. Personar som ved slik hjelp får kunnskap om korleis veljaren har røysta, har teiingsplikt om dette. Ein valmedarbeidar skal gjera veljarens hjelpar merksam på denne teiingsplikta.
Hugs legitimasjon
Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort (digitalt førarkort er også gyldig) eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Legitimasjonen må minst innehalde namn, fødselsdato og bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim eller sjukehus, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.
Valinformasjon på andre språk
Valdirektoratet har utarbeida informasjonsbrosjyrar om valet på fleire språk. Brosjyrene er tilgjengelege på engelsk, polsk, arabisk, tigrinja, somali, persisk/farsi, tyrkisk, swahili, thailandsk og spansk.
Valstyret
Valstyret har ansvar for forbereiing og gjennomføring av stortingsval, og kommunestyre- og fylkestingsval.
Valstyret vert leia av ordførar Sigbjørn Framnes. Sjå heile medlemsoversikten
Kontakt valansvarleg
Valansvarleg Wenche Margrethe Kristoffersen Johannessen
Tlf. 970 42 435
E-post: wenche.margrethe.johannessen@stord.kommune.no
Nestansvarleg Brit Kannelønning Olsen
Tlf. 53 40 21 41