Mangfaldsprisen er staten sin utmerking for framragande bruk av innvandrarar sin kompetanse i arbeidslivet. Formålet med prisen er å fremja etnisk mangfold, betre bruk av innvandrarar sin kompetanse og auka rekruttering av innvandrarar i arbeidslivet. 

Omlag 25 % av alle tilsette ved Stord sjukeheim har innvandrarbakgrunn. Av store stillingar er det 20 %. Sjukeheimen ønskjer å vera opne og inkluderande og gje alle same moglegheit til utdanning og arbeid.

Eg er utruleg stolt over at me er nominert til ein slik pris. Me har rom for alle så lenge dei kan fylla jobben. Når innvandrarane trivst og er blitt gode i norsk kan dei søkja på helgestillingar, ta ekstravakter eller bli lærlingar m.m. Me har mange som har tatt fagbrev og /eller utdanna seg til sjukepleiar eller lege. Me kvalifiserer på ein måte vår eigen arbeidskraft, seier einingsleiar Esther Aasen Bjelland.

På sjukeheimen er det ein miks av folk som kjem med fagutdanning, som må lera språket, og folk som ikkje er fagutdanna som dei legg til rette for at skal få utdanning. 

Suksessfaktoren er samarbeidet med NAV og vaksenopplæringa, og at dei er gode på å plukke ut gode og passande kandidatar til oss. I tillegg til innvandrarar legg me også til rette for at folk som er komen utanfor arbeidslivet, skal koma i arbeid att. Det lukkast me med i stor grad. Det er ein sjølvfølge at det er mangfald av folk på sjukeheimen, seier Bjelland.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) er ansvarleg for gjennomføring av Mangfaldsprisen. Stord sjukeheim er blant 5 nominerte kandidatar for prisen i region for Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemarksør. Me kryssar fingrane for at dei vinn prisen!

Les meir om mangfaldsprisen her; https://www.mangfoldsprisen.no/om-mangfoldsprisen/