Kommunen vil løfte fram aktuelle nyhende og informasjon om tenestene til kommunen både på Facebook og Twitter. Publikum kan stille spørsmål, kome med kommentarar samt gje ros og ris. I tillegg vert funksjonar som «Snakk med oss», «Ledige stillingar» og «Fiks gata mi» tilgjengelege på Facebook.
- Heimesida til kommunen vil framleis vera den viktigaste leverandøren av kommunal informasjon på internett. Hensikta med å ta i bruk sosiale medier er å forbetre tilgjengelegheita, auka engasjementet samt fremja ein god dialog med publikum, seier rådmann Magnus Mjør.
Stord kommune presiserer likevel at sida på Facebook og kontoen på Twitter vert bemanna i kontortid, måndag til fredag klokka 9-15, og at kommunen ikkje driv med sakshandsaming via sosiale medier.
Stord kommune oppfordrar alle til å like sida på Facebook samt å følgje kommunen på Twitter.