Åpenhetsbarometeret er ein undersøking av alle landets kommunar gjennomført av Kommunal Rapport i samarbeid med Norsk Presseforbunds offentlighetsutvalg.
For meg som ordførar er det viktig at me er ein open kommune, der innbyggjarane enkelt kan få tilgang til politiske saker og offentlege saksdokument. Det er viktig for lokaldemokratiet og bidreg til å skapa tillit til kommunen si verksemd,» seier ordførar Gaute S. Epland.
Undersøkinga består av 16 måleparameter. Dei vert målt via spørjeundersøking og via analyse av kommunen si nettside. Dei måler følgjande:
- Responstid på krav om innsyn i revisor si årsberetning for 2021.
- Søkefunksjonar på kommunen si postliste.
- Om kommunen legg ut klikkbare fulltekstdokument på postlista.
- Har nettsida kontaktinformasjon til politikarane?
- Har kommunen byggesaksarkivet på nett?
- Gir kommunen informasjon om innsynsretten etter offentlegheitslova?
- Vert orginainterne dokument journalført i kommunen si postliste?
- Hurtighet på publisering av politiske saksdokument og vedtak.
- Vert SMS journalført?
- Har kommunen ein førehandsbestemt, maksimal levetid for postlistene på nett?
- Kor langt tilbake går postlistene på nettsida?
- Er postliste for kommunale føretak (KF) publisert på nett?
Det var Ørland og Rindal kommunar som vann Åpenhetsbarometeret for 2022.