Til saman 18 kommunar kvalifiserte til å liggje heilt i toppen av rangeringa.
Riksantikvaren har brukt data som kommunane sjølv har rapportert inn til KOSTRA for å rangere kulturminneforvaltninga til kommunane. Dei som skårar høgst, har ei medviten haldning til kulturminne som kommunalt politikkområde, og nyttar ulike verkemiddel for å sikre verdiane.
Målet med rangeringa er å motivere kommunane til å ta større ansvar for forvalting av kulturminna i kommunen, opplyser Riksantikvaren.