Røystelokalet i Stord rådhus er ope frå 09.30-14.30 (18:00), samt nokre laurdagar.

Dine oppgåver

  • Ta imot og registrera førehandsrøyster
  • Rettleia veljarane
  • Sikra at valet vert gjennomført i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer
  • Bidra til ei positiv og trygg valoppleving for alle deltakarar

På valmedarbeidarportalen finn du meir informasjon om kva det inneber å vera førehandsrøystemottakar: Valgmedarbeider - forhåndsstemming - Valgmedarbeiderportalen.

Dine kvalifikasjonar

  • Du må vera over 18 år
  • Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Du kan ikkje vera kandidat på valliste til stortingsvalet frå Vestland fylke
  • Du må kunna ta vakter på kvardagar mellom kl. 09.30 til kl. 14.30, nokre ettermiddagar fram til kl. 18.00, samt nokre laurdagsvakter

Dine personlege eigenskapar

  • Er serviceinnstilt og imøtekommande
  • Er nøyaktig og påliteleg
  • Har gode samarbeidsevner

Me tilbyr

  • God opplæring og kollegastøtte
  • Timelønn etter avtale
  • Høve til pensjonistlønn

Er du interessert i å få erfaring frå ein viktig samfunnsfunksjon og gjera ein ekstra innsats for demokratiet, så meld interessa di ved å senda oss følgjande til post@stord.kommune.no:

  1. Fullt namn
  2. Adresse
  3. Fødselsdato (dd.mm.åååå)
  4. Telefonnummer
  5. Merk med saksnummer 2024/3291

Me håper du vert med på laget vårt, og ser fram til å høyra frå deg.

Ta gjerne kontakt med valansvarleg Wenche M. Johannessen tlf. 970 42 435, eller nestansvarleg Brit K. Olsen tlf. 53 40 21 41, om du har spørsmål.