Du kan søkja barnehageplass til barnehagar i Stord kommune heile året når barnet ditt har fått fødselsnummer. Dersom du ikkje har norsk personnummer eller MinID, kan du kontakta Fagavdeling oppvekst og kultur ved barnehageopptak.
Søkja barnehageplass
Viktig ved søknad om barnehageplass
- Les vedtektene til barnehagane du vil søkja i før du søkjer (opningstid, feriestenging, oppseiingstid, aldersgruppe).
- Sjekk mellom anna om dei tek inn barn i samsvar med ditt barn sin alder.
- Sjekk at du har registrert rett ynskje om oppstartdato før du sender inn søknaden.
Hovudopptak
I hovudopptaket vert det tildelt plassar frå nytt barnehageår i august. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for oppstartsdato og opptakskriterier.
For at barnet skal ha lovfesta rett til plass i hovudopptaket, må følgjande kriterier vera oppfylt:
- Barn som fyller eitt år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass
- Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til slik plass innan utgongen av den måndaden barnet fyller eitt år
NB! Private barnehagar tilbyr her barnehageplass frå dato dei har ledige plassar - Barnet har rett til plass i den kommunen der det er busett, eller vert busett ved oppstart i barnehage
- Søknad om plass må vera mottatt innan 1. mars
Dersom det ikkje er plass i første eller andre prioritet, vil barnet få tilbod om plass i annan barnehage. Viser elles til Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage
Det enkelte barn har kun rett på ein barnehageplass. Det vil sei at når føresette til eit barn som har barnehageplass søkjer og tek imot plass i ein annan barnehage, så seier dei frå seg retten til vidare plass der barnet går frå den datoen det er teke imot plass i den nye barnehagen.
Slik føregår hovudopptaket
Stord kommune gjennomfører samordna opptak av barnehageplassar ved hovudopptaket kvart år, jf. barnehagelova § 17 og Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune. Kommunen legg stor vekt på å innfri brukarane sine ønske og behov under sjølve opptaket, og organiserer det difor slik:
- Første tilbodsrunde:
Barnehagestyrarane tilbyr plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet, (nokre barnehagar får fylt opp alle dei ledige plassane i denne runden).
- Andre tilbodsrunde:
Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1. prioritet (dette om nokon takka nei i første runde) og til søkjarar som har deira barnehage som 2. prioritet.
- Tredje tilbodsrunde:
Barnehagestyrarane tilbyr vidare plass til søkjarar som har deira barnehage som 1., 2. prioritet, og så vidare.
Søkjarar som ikkje får tilbod i barnehagar dei har søkt i, vert tilbydd plass i barnehagar som ikkje har nok søkjarar til å fylla opp ledige plassar.
Ved tildeling av barnehageplass under houvdopptak skal barnehagane tildela plassane i tråd med prioriteringane som står i den enkelte barnehage sine vedtekter
Kommunen har oppfylt kravet om å gje tilbod til alle barn med rett til barnehageplass når barna har fått tilbod om barnehageplass i kommunen dei bur i. Rett til barnehageplass gjeld kun under opptaket. Unntaket er barn med nedsett funksjonsevne og barn det er fatta vedtak om etter barnevernslova. Desse barna skal ha prioritet ved supplerande opptak også.
Prioriterte plasser
Barn med nedsatt funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester har etter Barnehagelova § 18 prioritet ved opptak til barnehage. Dette gjeld både ved hovudopptak og løpande opptak.
Retten til prioritet må dokumenterast av sakkunnig instans (PPT, barnevernet eller lege). Sakkunig vurdering skal sendast til Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord eller send sikker elektronisk post til kommunen her.
Løpande opptak
Styrarane tildeler ledige barnehageplassar gjennom året.
Har du søkt om plass i løpet av året, men ikkje fått tilbod, treng du ikkje sende ny søknad til hovudopptaket.
Venteliste
Barnet står på venteliste til barnehagane du har valt når du får bekreftelse på søknaden.
Søknader blir fjerna frå ventelista når:
- du får tilbod om førsteval
- du får tilbod om barnehageplass, og ikkje registrerer at du vil fortsetja å stå på ventelista til førsteval
- du ikkje svarar på tilbodet om plass
Du kan takka ja til plass i barnehageval nummer to eller tre, og framleis kryssa av for å stå på ventelista til førstevalet. Søknaden blir då vurdert i løpande opptak.
Når søknaden er ferdig utfylt og sendt, får du umiddelbart ei stadfesting på e-post. Du får vidare melding om «Stadfesting av motteken barnehagesøknad» når kommunen har godkjent han.
Ta kontakt med barnehagemynde dersom de har vanskar med å få sendt inn søknad om plass.
Endre barnehagesøknad
Logg deg inn i søknadsportalen for endra rekkefølgje på ventelista. NB! denne tilgangen vert låst under hovudopptaket.
Ver merksam på at de må betala oppseiingstida i barnehagen dersom de får plass i anna barnehage før oppseiingstida er over.
Tilbod om barnehageplass
Tilbod om plass i hovudopptaket vert sendt ut i mars.
Du får tilbod om barnehageplass i den digitale postkassen din (Digipost eller e-Boks).
Svara på barnehageplass
Når du har fått tildelt barnehageplass får du melding om dette via din digitale postkasse. Svarfrist er 8 dagar.
Sei opp barnehageplass
Du seier opp barnehageplassen i søknadsportalen. Merk at det er den som har søkt barnehageplass som har tilgang til å sei opp plassen.
Har du problem med å sei opp plassen ved innlogging, ta kontakt med barnehagen barnet går i.
Du må betala for oppseiingstida i tråd med den enkelte barnehage sine vedtekter.
Informasjon om kodar ved søknad
Opptakskriterie (lovfesta):
200 = rett til prioritet etter barnehagelova § 18 Prioritet ved opptak
- 300 = busett i ein annan kommune
Prioritet ved opptak (jf. den enkelte barnehage sine vedtekter):
100 = rett til plass i høve barnehagelova § 12 a
10 B = rett til prioritet i høve tilsett i bedrift ( gjeld kun Naustvåg barnehage)
10 T = rett til prioritet i høve tilsett
10 S = rett til prioritet i høve søsken
5 = rett til prioritet i høve minoritetsspråkleg
Føresette registrerer kodane som er gjeldande for deira barn ved utfylling av søknad om barnehageplass. Styrarane skal vidare sikra at søknadane inneheld rett prioritetskode.