Storleik på området er om lag 40 daa, men avgrensinga er sett romsleg for å kunne vurdere ulike løysingar. Kva som vert den endelege avgrensinga av planen vil gå fram av planforslaget til offentleg ettersyn.

Føremål med planen
I dag ligg det eit eksisterande avløpsreinseanlegg ved Skjersholmane som er bygd med utgangspunkt i ein gjeldande reguleringsplan. Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for etablering av eit nytt reinseanlegg for Stord kommune, som stettar forventa framtidige reinsekrav. Det er då behov for areal utover det som allereie er regulert per i dag.
Planstatus
Området er delvis regulert og delvis uregulert. Planen vil erstatte og oppheva:
- PlanID 201402 «Gnr/bnr 46/4, båthotell Skjersholmane»
- Delar av PlanID 201604 «Gnr/bnr 46/400 m.fl., Skjersholmane Småbåthamn»
- Delar av PlanID 201603 «Småbåthamn Hornelandsvågen, del av gnr/bnr 46/4».
Konsekvensutgreiing (KU)
Planforslaget vil falle inn under §8 konsekvensutgreiing utan planprogram, jf. Forskrift om konsekvensutredninger. Reinseanlegg inngår som eit tiltak i vedlegg II, punkt 11 c.
Dokument
Plankonsulent og tiltakshavar
Planen vert utarbeida av Norconsult Norge AS på vegne av Stord Vatn og Avløp AS.
Merknader
Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast til:
til Mona Hermansen, Pb. 1199, 5811 Bergen, tlf:
+4745404674 eller Mona.Hermansen@norconsult.com
Merknadsfrist: 22.04.2025