På sjølve kvinnedagen markerer helsestasjonen innføringa av EPDS, og er ivrige etter å setja i gong kartlegginga.
Me startar opp kartlegginga allereie måndag 11. mars 2024. Det er kjent at 10-15 % av kvinnene som er gravide eller nybakt mor får fødselsdepresjon i ulik skala. Kartlegginga er basert på at mødrene fyller ut eit skjema hjå jordmor i veke 20 i svangerskapet, og så fyller dei ut same skjema åtte veker etter fødselen, hjå helsesjukepleiar. Målet er å oppdaga teikn til depresjon tidleg, slik at me kan førebyggja ev. utvikling ved setja inn hjelpetiltak, seier leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad.
EPDS er eit anerkjent og påliteleg verktøy laga for å oppdaga tidlege teikn på psykiske helseplagar hos gravide kvinner og nybakte mødre. Verktøyet gir ei rask og enkel identifisering av moglege psykiske helseutfordringar, og ved å fanga opp symptom legg ein til rette for tidleg hjelp og støtte. Som ei vidareføring av dette har førebyggjande tenester samarbeidd med spesialisthelsetenesta (BUP og DPS) om å laga gode tenesteforløp for dei som måtte trenge det.
Helsestasjonen ønskjer vidare og styrkja kommunikasjonen mellom mødre og helsepersonell ved å skapa ein omsorgsfull atmosfære for heile familien, blant anna ved å tilby støtte og rettleiing.
Med denne tilnærminga kan me tilpassa tiltak for å imøtekoma individuelle behov og gi god omsorg. Føremålet er også at EPDS skal bidra til å redusera stigmatisering rundt psykiske helseutfordringar ved å integrera det som en naturleg del av svangerskaps- og fødselsomsorga. Den psykiske helsa til mødre er like viktig som den fysiske helsa, seier familierettleiar Tonje Skorpen.
Førebyggjande tenester ved helsestasjonen har fleire tilbod til foreldre; Baby blues, Engstelege barn - trygge vaksne, og foreldrerettleiingskurs (COSP)