Blant 7 kandidatar vant sjukepleiarteamet prisen. Grunngjevinga er at teamet:
- har ein ny måte å fordela oppgåver på og utføra arbeidet
- har betra kvalitet og effektivitet på tenestene
- har eintydig positiv omtale, samt at fråværet vart redusert
- er i tråd med nasjonale føringar og framtidstenkande med tanke på demografi
I tillegg er metodikken overførbar til andre einingar i kommunen.
Dette inspirerer til å halda fram, tusen takk, sa einingsleiar Gina Kittilsen.
Kvart år kan tilsette melda inn kandidatar til pris for innovasjon og nytenking. Prisen skal tildelast ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller til betra trivsel og arbeidsmiljø i kommunen.
Det er Administrasjonsutvalet som er jury. Prisen er kr 10 000 og eit kunstverk med verdi inntil kr 10 000.