Dei seier Stordordførar Liv Kari Eskeland. I dag, tysdag 22. januar, signerte ho sykkelbyavtalen saman med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.
Satsing over fire år
Stord kommune er ein av to kommunar i Hordaland som er plukka ut til å vere sykkelby, og satsinga på Stord vil skje i perioden 2013-2016.
Å vera sykkelby vil seia å få hjelp til å gjennomføra planar om gang- og sykkelvegnett, til å satsa på sykkel for transport til å koma til og frå skule, jobb og fritidsaktivitetar og til å bruka sykkel i fritida.
Også eit mål i kommuneplanen
Målet med sykkelbyavtalen er å gjera det meir attraktivt, enkelt og trygt å velja sykkel som transportmiddel. Målet skal nåast ved å kombinera tiltak retta mot infrastruktur og meir «mjuke» tiltak som til dømes kampanjar og informasjonstiltak.
– Det er eit mål at fleire på Stord skal velja å sykla i staden for å køyra bil, seier ordføraren.
Ho viser også til at kommuneplanen har gang- og sykkelvegar som eit satsingsområde.
"Gangbar tettstad"
I tillegg til sykkelbyprosjektet er Leirvik plukka ut av fylkeskommunen til å bli med i prosjektet "Gangbar Tettstad". Prosjektet «Gangbar tettstad» er eit tiltak frå Handlingsprogrammet til Regional Klimaplan for Hordaland. Prosjektet byggjer på målsetjingar om å fremja miljøvenlege transportformer i fylket og at talet på reiser til fots skal aukast i heile Hordaland.
Prosjektleiar for sykkelbyprosjektet, Astrid Larsen, seier at ei to prosjekta må sjåast i samanheng.
– Me ynskjer å få fleire til både å gå og sykla. For å få dette til er det viktig for oss at folk på Stord er med på å definera behova. Me ynskjer også å samarbeida med lag og organisasjonar, fortel prosjektleiaren.
Bildet: Ordførar Liv Kari Eskeland signerer sykkelbyavtalen. Fylkesordførar Tom Christer Nilsen og Sindre Lillebø frå vegvesenet ventar på tur.