Det var Stord Pensjonistforeining som gjorde framlegg om Arthur Madsen som kandidat til Seniorprisen 2011. Madsen er nestleiar i pensjonistforeininga og har siste perioden også vore medlem i Eldrerådet. Han er no mellom dei eldste i laget og har blant anna vore leiar og styremedlem i fleire år.
Madsen har også i fleire år vore leiar i pensjonistforeininga sitt turutval, og det er han som i stor grad er med og planlegg og organiserar lagsturar så vel i innland som i utland.
– Madsen er ein umisteleg og flott representant for dei eldre sine interesser, og for at dei skal få tilbod om både aktivitetar og opplevingar. Som medlem og menneske har Arthur vore ei eldsjel og ein krumtapp i arbeidet for dei eldre sine interesser. Usjølvisk og heilhjarta går han inn for arbeidet utan å nemna godtgjersle, skriv pensjonistforeininga i sitt framlegg.