Stord fekk 6 stjerner av seks moglege i Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) si årlege kåring av offentlege nettstader i 2011. Både Stord og Etne fekk 84 % score, og vart dermed best av kommunane i Hordaland.
Stord gjekk med dette opp frå 5 til 6 stjerner sidan same kåringa i fjor.
Porsgrunn vart kåra til beste kommunale nettstad 2011. Stord kom på ein 17. plass på landsbasis.
Flest poeng på nyttig innhald
Dei offentlege nettstadene er testa på kriteria tilgjenge, brukartilpassing og nyttig innhald. Stord oppnådde 79 prosent på tilgjenge, 83 på brukartilpassing og 89 på nyttig innhald.
Resultat for Sunnhordland
- Stord 6 stjerner og 84%
- Etne 6 stjerner og 84 %
- Kvinnherad 5 stjerner og 71 %
- Bømlo 4 stjerner og 66 %
- Tysnes 3 stjerner og 55%
- Sveio 3 stjerner og 53 %
- Fitjar 3 stjerner og 48 %
Resultat for kommunar i Hordaland
Bildet under syner dei beste kommunane i Hordaland: