Gunnar Yttri, rektor på Høgskulen på Vestlandet (HVL) informerte om at dei er spente på søknadstala for campus Stord fordi HVL diverre har hatt noko synkande tal siste året. Det er ulike faktorar som spelar inn på den trenden: nokre år med låge fødselstal, ein ungdom føretrekk større byar for å ta utdanning, fleire tek høgare yrkesfagleg utdanning (fagskule). HVL sin ambisjon er å ha fem levande campus. 

HVL leverer søknad om å bli Universitetet på Vestlandet i løpet av året, og jobbar systematisk for å innfri krava for å bli universitet. 

Regionsdirektør i Saman, Gro Nesheim informert om at oppgradering av studentbustadane går etter planen, og det blir invitert til opningsmarkering i studiestartsveka. Dei jobbar også med oppgradering av uteområde fram mot studiestart der det vil vera både beachvolley og sosiale soner. Dei arbeider systematisk for å leggja til rette for trivsel for studentane ved å leggja til rette for aktivitet og synleggjera tilboda som fins i kommunen

Konstituert rådmann mariann J. Hilt sa at samarbeidet med HVL er svært viktig for fagleg utvikling i kommunen. og at me ønskjer å samarbeida med HVL om profilering og synleggjering av høgskulen. 

I tillegg er det stort behov for arbeidskraft i industrien, men også i offentleg sektor. Kommunen tar sikte på å auka folketalet. For å kunne tiltrekkja seg unge og nyetablerte, jobbar kommunen med å leggja til rette for større variasjon i butilbodet. Det er utfordrande å rekruttere tilstrekkeleg kvalifiserte medarbeidarar. 

Hilt informerte også om at arbeidet med ein handlingsplan/studentmelding ikkje er starta, men at det vil kunne gje retning på utvikling av Stord som universitetsby. 

Kommunen vil også følge opp med ansvarleg for helsestasjon om korleis dei kan leggja betre til rette for helsetilbod for studentane.

Studentdemokratiet ved Khiem Nguyen, Andrea Grutle og Jelle Sebastian Bruin informerte om at studentfrivilligheten er på veg oppover etter år med pandemi. Dei stilte spørsmål om korleis kommunen kan leggja til rette for studentar som deltar på fleksible studietilbod.

 

Samarbeidspunkt

Det var stilt spørsmål om det kan etablerast eit trepartsamarbeid mellom kommune, Studentliv (Saman og studentforeiningar) og HVL som kan arbeide saman om felles arrangement til dømes i samband med studiestart. Stord folkehøgskule kan også vera aktuell samarbeidspart. Andre aktuelle samarbeidspartar kan vera studentar ved fagskolen. Politistudentar i praksis kan også vera aktuelle.