Frå hausten av organiserer Stord kommunale eigedom (SKE) reinhaldet i kommunale bygg, og det vert tilsett avdelingsleiar for reinhaldstenesta. Reinhaldet skal vidareførast med tilsvarande kvalitetsstandard som i dag, og reinhaldarane får tilbod om arbeid i Stord kommune etter reglane om verksemdsoverdraging.
Attendeføring av reinhaldet vil gje ein årleg meirkostnad på nær 700 000 kroner for Stord kommune.