Anbodsgrunnlaget vart godkjent av kommunestyret i september i fjor, og etter nokre månaders arbeid er det klart til utsending.
- Dette er eit stort og arbeidskrevjande anbod. Kvart rom i alle bygg der kommunen har aktivitetar, eigde og leigde, skal beskrivast med omsyn til mellom anna storleik, golvtype, reinhaldskvalitet og reinhaldsfrekvens. For å hjelpe til med dette arbeidet, har kommunen leigd inn bransjerådgjevar Johnny Haugland ved Consulentpartner, fortel innkjøpssjef Odd Magne Agdestein.
Pliktar å overta personalet
Per i dag er det om lag 40 tilsette i Stord kommunale eigedom KF som utfør reinhald i kommunen, og føretaket får også høve til å gje tilbod i anbodsrunden. Eventuelle eksterne vinnarar av kontrakten pliktar å overta reinhaldspersonalet som kommunen har per i dag i samsvar med arbeidsmiljølova sine krav ved verksemdoverdraging.
Aslaug Torget har jobba som reinhaldar i Stord kommune i snart 25 år, og er blant anna ansvarleg for reinhaldet i Stord rådhus.
- Eg trivst godt med jobben og håpar på fleire år som reinhaldar på rådhuset, seier Torget.
Reinhaldsutstyr til disposisjon
Kontrakten har ein antatt verdi på cirka 15 millionar kroner per år, og den som inngår kontrakt med kommunen vert ansvarleg for reinhaldsjobben på ein bygningsmasse på cirka 60 000 kvadratmeter. Mellom anna skular, sjukeheimar, barnehagar, kontorbygningar, kulturhus og basseng er bygg som skal haldast reine.
- Det er eit omfattande anbodsdokument som no vert presentert med utgreiing av cirka 2000 rom, seier Agdestein.
Kommunen har reinhaldsutstyr som kan stillast til disposisjon og tildelinga skjer på grunnlag av ei vurdering av både pris og plan for gjennomføring og organisering av oppdraget.
- For utlevering av anbodsdokumentet må ein betale depositum på 10 000 kroner. Depositumet vert tilbakebetalt ved innlevering av tilbod, opplyser innkjøpssjefen.
Det er lagt opp til felles synfaring på bygga 27. februar, og anbodsfrist er sett til 31. mars klokka 15.00.
For meir informasjon
Utlysinga og anbodsdokumentet finn ein i DOFFIN (Database for offentlege innkjøp).