Den førre feltregistreringa blei gjort i 1989. Informasjon frå denne registreringa blir framleis brukt i regional planlegging. Nokre av kommunane har gjort nye registreringar i samband med kulturminneplanane, men også desse byggjer i stor grad på eldre registreringar.
Me veit at det har skjedd store endringar i desse kulturmiljøa i løpet av desse åra. Mange bygningar og heile kulturmiljø er borte. Gjennom prosjektet ønskjer ein å visa døme på korleis kulturhistoriske bygningar til sjø kan nyttast på nye måtar utan at kulturmiljøet blir forringa.
Registreringa blir gjennomført i eit samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er òg støtta av Riksantikvaren. Det innsamla materialet skal mellom anna gå inn som kunnskapsgrunnlag for «Regional plan for areal, natur og kulturminneressursar» i Vestland fylke.
Kontaktperson: Ellen Tveit, ellen.tveit@sveio.kommune.no.