Etter den siste dødsulukka på E39 over Stord, tok ordførar Liv Kari Eskeland kontakt med vegevesenet og kravde at noko måtte gjerast for å sikra denne vegstrekkja betre. Det resulterte i ein rapport frå vegvesenet og eit folkemøtet på Stord.
I rapporten kjem vegvesenet med forslag til trafikktryggleikstiltak for strekninga Heiane -Vestlivegen.
Følgjer opp saka
Etter folkemøtet har Stord kommune oversendt brev til Statens vegvesen der dei ber om oppfølging av konkrete tiltak i forhold til forslaga vegvesenet har kome med. Dette er kortsiktige tiltak som vil gi betydelege for betringar.
Nokre trafikksikringsmidlar har vegvesenet tilgjengeleg, slik at nokre tiltak vil verta iverksett umiddelbart. Det gjeld først og fremst skilting av nedsett fartsgrense gjennom Vabakkjenkrysset.
Vil drøfta framskunding av Vabakkjenkryss
Ordførar Liv Kari Eskeland fortel at kommunen også vil ha eit møte med vegvesenet for å gå gjennom dei ulike tiltaka som er skissert i rapporten. Målet er å få tidfesta når dei ulike tiltaka kan koma på plass.
– Parallelt med møtet ynskjer me å drøfta korvidt det kan vera realistisk å få til ei framskunding av oppgraderinga av Vabakkjenkrysset gjennom eit offentleg-privat samarbeid, seier Eskeland.
Etter den opprinnelege planen skal krysset stå ferdig i 2013.
Kortsiktige tiltak
Vegvesenet har i rapporten føreslått følgjande kortsiktige tiltak
- Bakgrunnsmarkeringar mellom Studalen og Rommetveit. Lågare fartsgrense gjennom Vabakkenkrysset. Rumlefelt i Litlabøkrysset og krysset ved Ådland bru. Skilta med full stopp i kryss med manglande vikepliktsrespekt. Gjennomgå rutinane for vintervedlikehaldet. Kr 0,5 mill
- Veglys mellom Studalen og Vestlikrysset. Kr 2,5 mill
- Midtfelt (sinusoppmerking). Føyno – Meatjønn. Grov – Jektevik. Jektevik – Raunholm. Kr 1,3 mill
- Fartsvisningstavler ved Litlabøkrysset og Vestlikrysset. ATK ved Rommetveit. Kr 2,0 mill
- Utføre strakstiltak etter Ts-inspeksjon. Dette inkluderer også siktutbetringar og URF-tiltak. Kr 4-6 mill
- Siktutbetring, passeringslomme/kanalisering av Litlabøkrysset. Siktutbetring, utbetring av kanalisering av Vestlikrysset. Kr 4-8 mill
Langsiktige tiltak
I rapporten til vegvesenet er det også føreslått meir omfattande langsiktige tiltak for vegstrekkja. Her er midtrekkverk/midtmarkering, planskilte kryssingspunkt og toplankryss dei viktigaste elementa. Det er ikkje føreslått konkret kor desse bør byggjast. – Dette må koma fram i arbeidet med rulleringane av Nasjonal Transportpan, skriv vegvesenet i rapporten.
Les rapporten
Les om føreslåtte tiltak, ulukker og vegstandard i vegvesenet sin rapport E39 over Stord