Nasjonale prøvar
Obligatoriske prøvar gir informasjon om ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Ferdigheitene er viktige for læring i alle fag.
Standpunktkarakterar 2024
Informasjon om klagerett på standpunktkarakterar og framgangsmåte finn de på Statsforvaltaren i Vestland sine nettsider.
Informasjonsskriv om klagerett får elevane på 10 trinnet ut samtidig med karakterarket .
Elevane på 9 trinn får standpunktkarakter i mat og helse og vil få ut skjema om klagerett samtidig med karakterarket.
Til deg som er elev på ungdomsskulen . Informasjon frå Statsforvaltaren
Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar med spesielle vanskar kan ha behov for eigne ordningar under den skriftlege eller munnlege eksamen. Ved den skriftlege eksamen kan eleven normalt få inntil 1 klokketime i tillegg til den ordinære tida. Det kan også tilretteleggjast for lesesvake elevar, slik at oppgåveteksten kan bli lesen opp under eksamen. På grunnlag av fråsegner av nyare dato frå eleven, føresette og sakkunnige tek rektor i kvart tilfelle avgjerd om kva slags ordningar som skal nyttast.
Søknadsskjema for å søkja om særordning for eksamen finn du her