Prisen vert tildelt ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller betra trivnad/arbeidsmiljø i kommunen. I år gjekk prisen til: 

  • Tørn prosjektet på Knutsaåsen omsorgssenter: «rett kompetanse på rett plass» 

Grunngjeving

I mai 2023 vart Stord kommune vald som ny TØRN-pilot der kommunen skal sjå på oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning. TØRN er eit nasjonalt program som skal sjå på løysingar for å organisera arbeidet på andre, og meir hensiktsmessige måtar i framtida.

TØRN kjem av det engelske ordet å SNU; å finna løysingar på utfordringar. Mandatet er å utforska nye måtar å organisera arbeidstid, oppgåvedeling og arbeidsdeling på.

Vurdering

Tørnprosjektet på Knutsaåsen omsorgssenter har vist seg å vera eit innovativt tiltak som eininga har lært mykje av når ein skal planlegge for tenestestyrt bemanning og andre arbeidstidsordningar. Dette har mellom anna resultert i betydeleg lavare sjukemeldingsgrad ved Knutsaåsen enn einingar som ikkje nyttar TØRN. Prosjektet vert vurdert å ha stor overføringsverdi mellom einingar og på tvers av sektorar.

Ein vurderer prosjektet til å vera ein verdig vinnar av årets pris for Innovasjon- og nytenking

Prisen er kr 10 000 og eit kunstverk med verdi inntil kr 10 000,-

Einingane melder inn forslag sjølv og Driftsutvalet avgjer kven som får prisen.