- Me må seia oss nøgde med eit slikt resultat, det er eit viktig steg på vegen ut av ROBEK. Men det har vore krevjande. Her er det mange som har gjort ein god jobb. Med dette resultatet dekkjer me inn 32 av 44 millionar kroner i oppsamla underskot. Dei siste 12 millionane skal dekkjast inn i 2014. Planen er å tre ut av ROBEK-lista i samband med at 2014-rekneskapen vert levert, seier rådmann Magnus Mjør.
Ordførar Liv Kari Eskeland ser seg tilfreds med at ein i år har nådd budsjettmåla.
- Dette var viktig for oss. Eg er svært nøgd med den innsatsen som er lagt ned, seier ho.
Einingane i pluss
Det gode resultatet er på tross av stor skattesvikt i 2013, heile 27,7 millionar kroner i høve til budsjett. Systemet med at skatteinntektene vert utjamna mot rammetilskotet gjer at nettoeffekten likevel ikkje vert større enn 9,7 millionar kroner. Den viktigaste forklaringa på overskotet er drifta av einingane, der dei aller fleste går i pluss.
Dei kommunale føretaka, Stord kommunale eigedom KF, Stord vatn og avlaup KF og avdeling veg trafikk og parkering samt Stord hamnestell leverer òg positive resultat i 2013.
Fleire store investeringsprosjekt
Blant investeringsprosjekt kan nemnast rehabilitering av kunstgrasdekke ved Nysæter idrettsplass, rehabilitering av helsesportløypa i Prestegardsskogen samt innkjøp av elbilar og pc'ar til lærarane.
Stord kommunale eigedom har investert for 39,5 millionar kroner i 2013. Dei største prosjekta har vore ferdigstilling av ny gravplass i Frugarden, trinn 2 ved Langeland skule og ventilasjonsanlegg ved Stord ungdomsskule. Garderobane i gamlehallen på Vikahaugane er rehabilitert, og det er skifta ventilasjonsaggregat i symjehallen i kulturhuset. Taket på rackethallen er reparert. Buneset trygdebustader har fått utvendig rehabilitering.
Stord vatn og avlaup har investert for 90,9 millionar kroner i 2013. Dei største prosjekta har vore vassleidning Haugland-Vatnadalen, hovudvassleidning over Heiane Vest, vatn og avlaupanlegg Jensanesvegen, Svartbrekko/Hybelneset og Sjoarbakken. Omlegging av vatn- og avlaupsanlegg ved Vabakkjenkrysset har og vore eit stort prosjekt i 2013. I tillegg kjem 16,0 millionar i investering i veg. Jensanesvegen står for om lag 11 millionar kroner, elles har det vore skifta ut bruer ved Saneset og Hestefossjuvet. Gamle Frugardsbrua er og rehabilitert. Resten av investeringsmidlane er gått til asfaltering, gatelys og innkjøp av utstyr.
Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.