Det vert synt til Kommunestyrevedtak frå 17.06.2010 lydande slik:
– Kommunestyret vedtek full drift ved Litlabø barnehage frå august 2010, alternativt snarast mulig, og seinast innan januar 2011.
Administrasjonen har i møte 19.08.10 drøfta ny oppstart av avdeling Litlabø, og legg opp til følgjande plan for gjennomføring:
- Det vert lagt opp til opning 15. november. Opning 15. i månaden gjer at ein med noverande reglar om statstilskot får tilskot for ein heil månad sjølv med oppstart seinare enn den 1. i månaden.
- Plassane i avdelinga vert lyst ut med atterhald om politisk godkjenning. Søknadsfrist vert sett til 10. september.
- Finansiering av utgifter med drifta i 2010 vert fremja i samband med budsjettrevisjonen for 2. tertial 2010.
- Dersom ikkje barnehageplassane vert fylt tilstrekkeleg opp, kan alternativ drift verta vurdert for ein periode. Meir konkret kan dette td. vera utegruppe for dei eldste barna i Sagvåg og Litlabø barnehage med base i avdeling Litlabø. Ei slik ordning vil frigjera plassar for små barn i avdeling Nysæter.
Magnus Mjør
Rådmann