Han skal vera med og synleggjera den viktige samfunnsoppgåva fosterfamiliar gjer, og vera ein døropnar og pådrivar for å rekruttera fleire fosteheimar.

- Eg er glad for å få moglegheiten. Det kjem stadig nye barn som treng fosteheimar. Behov for fosterheimar er stabilt høgt og har auka dei siste åra. Difor er det behov for stadig fleire forsteheimar også. Viss eg kan bidra til at me får fleire gode fosterheimar så gjer eg det med stor glede. Eg trur det er mange gode heimar her på Stord som kan fostra dei som treng det. Ein god oppvekst og ein god heim er ein av dei viktigaste investeringane me kan gjera. Så, kom igjen Sunnhordlendingar, dåke som har moglegheiten, opna heimen dåkas for dei som treng det, oppfordrar ordførar Harry Herstad.

Fosterhjemstjenesten i region vest har no fokus på Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB) for å få finna fleire forsteheimar for barn i dette området. Difor ønskjer dei å få ordførar med som ambassadørar for saka.

- Eg vil gjerne takke ordførar Harry Herstad for at han vil bli ambassadør for fosterheimar. Ordføraren har eit stort kontaktnett for å reklamera for dette, han sit og på beslutningar som har med barnevernet å gjera og har kunnskap om behovet for fosterheim som er viktig å veta i jobben hans framover, sa Nils Erik Røyrvik frå Fosterhjemstjenesten i region vest, avd. Haugesund.

Det er rundt 2300 barn i fosterheim i region vest (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane). Av desse er rundt 90 i kommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Det er behov for 8-10 nye fosterheimar kvart år i vårt område.

Samarbeidar til beste for barna

- Me har fått til eit trepartssamarbeid mellom oss, SIB og Stord idrettslag og skal ha informasjonsmøte om fosterheim den 9. november på Vikahaugane. Fordelen med å ha idrettslaget med på laget er å bruka deira ressursar og kanalar til å få ut informasjon. I tillegg set me av plassar på kurs for heimar i området, som kan stå til disposisjon for barn som kan ha behov for det, slik at barn ikkje treng byta idrettslag mm. sjølv om dei byter heim, sa Røyrvik.

Ordføraren informerer om at han vil ta emnet opp med Stord idrettsråd for å få fleire idrettslag med på samarbeidet.

Behovet for familie og familienettverk

- Me treng folk som er rause, trygge og har god kapasitet til eit nytt familiemedlem. Alle vil få kurs og opplæring, seier barnevernsleiar Jørund Tvedt.

For tida er det mest behov for familiar som kan ta i mot barn som er 5 år og oppover. Familiar kan vera familiar med barn, familiar utan barn, single, einsleg forsørgjarar eller homofile par. Me søkjer seriøse folk mellom 25 og 60 år opplyser Røyrvik.

Bufetat satsar mykje på familie og familienettverk (dei som kjenner barnet og som barnet kjenner). Det finst familieråd, og koordinator som reiser rundt og snakkar med onklar og tanter, besteforeldre og andre i familien. Dette for å få familien meir på banen. Familienettverk er viktig dersom noko skulle skje i familiesituasjonen som gjer at du har behov for andre vaksne. 

Korleis bli fosterheim?

OBS! Bli med på opent informasjonsmøte om det å vera fosterheim, på Vikahaugane den 9. november klokka 19.00-21.00. For påmelding og meir informasjon, les her.

Ta elles kontakt med Fosterhjemstjenesten i Haugesund

Telefon: 466 19 000
Epost: fosterhjemstjenesten.haugesund@bufetat.no

eller Sunnhordland interkommunale barnevernteneste

Telefon: 97 55 21 63 (8-14)
Epost: jorond.tvedt@stord.kommune.no

www.bufdir.no

Bilete: barnevernsleiar Jørund Tvedt, ordførar Harry Herstad og Nils Erik Røyrvik frå Buf etat region vest.