Det kom fram på oppstartsmøte på Huglo tysdag 4. september, der dei involverte i prosjektet var samla for å planleggja framdrift og koordinering av arbeidet med moloen.

Legg til rette for småbåthamn

Signering av kontraktDet var Huglo båtlag som i si tid tok opp spørsmålet om molo på Huglo, og det har vore jobba med saka i mange år. I 2009 fekk Stord kommune ved hamnestellet utført eit forprosjekt som dannar grunnlaget for det arbeidet som no skal setjast i gang. 

Prosjektet som er eit samarbeid mellom Stord kommune og Huglo båtlag har ei kostnadsramme på fem millionar kroner.

– Etablering av småbåthamna med innkjøp og utlegging av flytebrygger er det båtlaget som tek seg av. Det er ikkje ein del av sjølve moloprosjektet, men kommunen vil føra fram straum og vatn til moloen og leggja til rette for etablering av småbåthamn, fortel prosjekteleiar i Stord kommune, Kjell Nesbø.

Klar til bruk på nyåret 2013

I midten av september vil ein ta til med sprengingsarbeidet for masse til moloen, og starta arbeidet med tilførsleveg frå fylkesvegen og ut til moloen. 

– Først i midten av jauar 2013 vil heile moloanlegget truleg vera sluttført, slår prosjektleiaren fast.

80 båtplassar

I følgje Sigurd Huglen i Huglo båtlag, vil det ferdige moloanlegget ha ein kapasitet på rundt 80 småbåtplassar.

– I første omgang vert det lagt ut brygger til rundt 40 plassar som alle er reserverte. Men det vert truleg opna for fleire plassar etter kvart, seier Huglen.

Han ber interesserte om å ta kontakt med Huglo båtlag ved Leif Nordtveit.

Byggjeleiar for moloprosjektet er Øystein Sørli i Sørli AS og det er entreprenørfirmaet Gunnar Røsseland AS som skal stå for bygginga av moloanlegget. Samarbeidspartnarar i moloprosjektet er Stord vatn og avlaup KF som vil leggja vatn og avlaup i vegtraséen og SKL som skal leggja straumkablar i vegen. SKL vurderer også om dei skal leggja breiband i vegtraséen.

Situasjonsplan for moloen på Nordhuglo

Bildene:

Øvst: Etter oppstartsmøtet var det synfaring til Huglaneset der moloen skal byggjast.

I midten: Hamnesjef Arvid Sandnes og entreprenør Gunnar Røsseland signerer kontrakten.

Under: Frå oppstartsmøte på Huglo skule. Rundt bordet frå venstre: Øystein Sørli (med ryggen til) (Sørli AS), Henry Damman (SKL), Johannes Hvidevold (SKL), Arvid Bukkholm (SKL), Gunnar Røsseland (Gunnar Røsseland AS), Guttorm Røsseland (Gunnar Røsseland AS), Arvid Sandnes (Stord Hamnestell), Torbjørn Ask Hilby (Stord vatn og avlaup KF), Sigurd Huglen (ståande) (Huglo båtlag), Kjell Nesbø (Stord kommune).

Engasjerte møtedeltakarar rundt møtebordet.