Stord kommune sin nettstad er frå 2018, men fekk eit ansiktsløft i 2021. No var det på tide å oppgradera plattforma for å følga med på den digitale utviklinga, for å innfri fleire krav om universell utforming av IKT, og for å betra navigering på mobile flater.
Ein kjekk ny funksjon er gebyrregulativ som gir deg oversikt over prisar for tenestene på tenestesidene. Skulane og barnehagane har fått ny oppbygging, og er betre å navigera i på mobile flater.
Digital medarbeidar
I tillegg til oppgradering har me også fått oss ein digital medarbeidar, som heiter Kari. Ho jobbar heile døgnet, noko som har gjer at nokre av innbyggjarane sine henvendingar også kan besvarast etter stengetid
I tillegg til oppgradering har me fått chatbot som skal forbetra dialogen med innbyggjarar, tilsette og næringsliv. Me blir meir tilgjengeleg, samtidig som me frigjer den menneskelege ressursbruken, seier avdelingsleiar for fellestenester Helena Schwartz.
Dei siste vekene har Kari vore gjennom eit intensivt opplæringsløp om lokale tilhøve, men dersom du snakkar med ho og meiner ho gjev feil svar, er det fint om du gir ei tilbakemelding.
Tips: Bruk korte setningar med konkrete spørsmål. Me set pris på om du gir tommelen opp eller ned på svara du får slik at me kan gjera eventuelle justeringar.