Endeleg er han her. Ikkje heilt ferdig – men nok til å feira!
Alle som vil er hjarteleg velkomne til opning av turvegen, 16. juni klokka17.00.
Me møtest på Gildeskålsbakken ved Frugardselva ca 400 meter oppover langs elva frå Møllebrua/Leirvik bedehus
Program
- Opning ved Ordførar Harry Herstad
- Innslag ved Sæ barnehage
- Rommetveit skulekorps spelar
- Bygdekvinnelaget med satsinga «Bygda i bevegelse» vil servere ein matbit til dei som kjem på opninga
- Leikar for borna
Denne ettermiddagen står anleggsmaskinane i ro og du kan gå heile eller delar av vegen rundt Ådlandsvatnet.