Tysdag 19.10 kl. 18.00 klypte ordførar Liv Kari Eskeland snora og erklærte kulturskulen sin nye dansesal i meieiriet for opna. Ho sa ved opninga at investering i nytt dansegolv og dansesal var ei satsing som det er stor politisk semje om i kommunen. Ho ynskte alle dansarar lukke til med golvet og oppmoda dei om å nytte det flittig.
Me har fått spesiallagd golv heilt frå USA og lærar og dansarar melder at det er fantastisk å danse på. Så med speil og barrar er dansesalen komplett og me har med det fått den beste dansesalen i Sunnhordland.