Det er seniorlaget i Stord-Fitjar turlag som har teke initiativ til tiltaket, og sett opp gapahuken på dugnad. No inviterer dei skular, lag, organisasjonar og alle andre til å ta gapahuken i bruk.
– Dess meir han blir brukt, dess betre er det. Dette er turlaget sitt bidrag til å få fleire til å bruka Lundarstøl og Stordfjellet, sa leiar i seniorlaget Jarle Hevrøy under opninga.
Ordførar Liv Kari Eskeland takka turlaget på vegner av Stord kommune og alle som ferdast i fjellet.
– Gapahuken vil bli til stor glede for alle som ferdast i området. Han er også eit godt bidrag til folkehelsearbeidet som mellom anna har som mål å få folk ut på tur. Små og store rettar ei stor takk til dei dyktige seniorane. No er det berre å koma seg ut på tur, oppmoda ordføraren.
Bildet: Ordførar Liv Kari Eskeland skriv i gjesteboka, saman med Mary Hevrøy og Toralv Røen.