Dei  nye handheldte terminalane vert kalla PDA, Personleg Digital Assistent. På desse kan personalet både dokumentera og henta fram informasjon når dei er ute hos brukaren.

No kan sjukepleiar Siri Skram-Wigelius skriva rapport kvar som helst, og er ikkje avhengig av å gå innom kontoret når ho er på jobb i Heimebaserte tenester.  

– Me får lettare tilgang på informasjon om brukarane før me skal på heimebesøk. Det gjer at me brukar mindre tid på kontoret og me får meir tid hos brukarane, konstaterer Wigelius.

Ho peikar også på at det nye digitale verktøyet bidreg til å kvalitetssikra arbeidet.

– Når me rapporterer direkte på staden unngår me avvik som kan oppstå når det går tid mellom sjølve besøket og rapporteringa. Samstundes kan me få raskare tilgang på viktig informasjon i forkant av eit besøk.

Det siste er særleg viktig for nattevakta som er vakt for heile kommunen og gjerne må rykka ut til ein ukjent brukar.

– Før måtte me gjerne innhenta informasjonen i ettertid. No kan me henta opp informasjon om brukaren før me kjem fram, seier Wigelius. 

Heimebaserte tenester i Stord kommune har dagleg rundt 50 tilsette ute i felten som alle etter kvart vil ta i bruk det nye digitale verktøyet.

Bildet:
Avdelingssjukepleiar Linn Tove Hollund og sjukepleiar Siri Skram-Wigelius (t.h.) testar  ut det nye digitale verktøyet til Heimebaserte tenester.