Vinmonopolet har som målsetjing at alle butikkane deira skal vera miljøsertifisert i løpet av 2013. I juni vart utsalet på Stord miljøsertifisert.
I samband med sertifiseringa har vinmonopolutsalet innført fleire tiltak som gjeld alt frå energisparing, HMS (helse, miljø og tryggleik), kjeldesortering, vareutval, bæreposar, krav til vaskefirma til kursing av tilsette.
Verksemda held no meir auga med energiforbruket, og butikksjef Kai Rune Olsen kan fortelja at det alt har gått litt ned i forhold til i fjor.
– På sikt vil me nok spara pengar på at straumforbruket vert lågare, trur butikksjefen.
No går det nesten av seg sjølv
Polsjefen synest ikkje det har vore vanskeleg å få til ei slik omlegging som sertifiseringsordninga krev. Men det har teke tid å få inn nye rutinar.
– Det som har teke lengst tid er å innarbeida nye rutinar for kjeldesortering. Det har også gått mykje tid med til planlegging og dokumentering. Men no rullar det og går nesten av seg sjølv, seier Olsen.
Vil kundane merka nokon forskjell?
– Kundane våre vil nok ikkje leggja så mykje merke til desse tiltaka. Det dei først og fremst vil merka er fleire økologiske produkt og Fairtradevarer i hyllene, og at me har fått gjenbruksposar.
Miljøfyrtårnverksemder i Stord kommune (pr. 13/6-2012)
- Høgskolen Stord/Haugesund, Stord
- Meny Leirvik
- Princess Heiane
- Princess Stord
- Sektor Heiane Drift AS
- Stord Folkebibliotek
- Stord vidaregåande skule
- Stord/Fitjar Tannklinikkområde
- Vinmonopolet Stord
Bildet: Butikksjef Kai Rune Olsen og ordførar Liv Kari Eskeland med miljøfyrtårnplaketten.
Les meir om miljøsertifisering