For at ein slik drift skal gå i orden må det søkjast kommunen om bruksendring av bygget. Nytt Liv Sunnhordland har ein opsjonsavtale om kjøp av bygget, som i dag er eigd av Sei Podlen AS. Dei ønskjer å nytta første etasjen av bygget til eigen aktivitet. Det trengs noko ombygging før lokalet kan verta nytta til mottak.
- Det er snakk om andre etasje i bygget som skal bli mottak. No er det 25 rom som kan bli nytta slik dei er, og så må det bli innreda med dusj, vaskerom og kjøkken, opplyser Frank Gunnar Håvik ved Nytt Liv Sunnhordland.
Første etasje i bygget vil organisasjonen disponere til eige bruk. Bente Dalåker ved Hero Norge AS opplyser at dei jobber med å lage eit anbud til UDI om oppretting av asylmottak, der fristen er 2. november.
- Me vil legge inn eit tilbod på drift til mellom 30 og 40 asylsøkjarar, noko som vil bety mellom 13 og 16 arbeidsplassar, seier Dalåker som opplyser at Hero Norge har vore på synfaring i bygget og seier seg nøgd med bygningsmassen.
Dersom planane går gjennom vert dette det andre asylmottaket under etablering for einslege mindreårige i bydelen Sagvåg/Litlabø. I august vart det kjend at Hoff Mottaksdrift vil starte mottak på Litlabø. Hero Norge har lang erfaring med drift av asylmottak på Heiane på Stord.