Haugaland og Sunnhordland går saman med Rogaland inn i nye Sør-Vest politidistrikt. Noverande politimeister i Rogaland, Hans Vik, tiltrer som politimeister for det nye distriktet.
Dei vil frå nyttår jobba med å etablera den nye organisasjonen, samtidig som dei to "gamle" distrikta skal driftast som normalt i ein interimperiode. Denne perioden vil i utgangspunktet vare frå seks til 12 månadar. Steinar Langholm får rolla som visepolitimeister i det som er dagens Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Les meir om politireforma på www.politiet.no