Eit godt adressesystem må vera logisk og lettfatteleg bygd opp og kan vera avgjerande i utrykkingssamanheng når sekundane tel. Bruk av vegadresser oppfyller formålet om eit logisk og lettfatteleg adressesystem.

Det er allereie namn i bruk på dei fleste stadane, men for å tildela adresser må stadnamnet bli formelt vedteke.  

Kommunen si namnenemnd har handsama sakene og kome med framlegg. 
Framlegga er tufta på eksisterande namn, innspel frå innbyggarar og historiske kjelder. Boka Namnevandring i Stord og Fitjar (Aarø og Rabben, 2001) har vore ei god kjelde.

Område nr 1350: Fjellområde Stord

Områdeadresser for hytter i fjellet, som ikkje naturleg kan adresserast til eksisterande vegar.

Namnenemnda foreslår å dela området i sju, sjå avgrensing vist i kart.  

Stuasetertjødnene
Her foreslår namnenemnda skrivemåte utan v. 
Fyrste ledd i namnet blir skrive stuva, målføreuttalen er utan v. Ordet er ei fleirtalsform av stuv, som tyder stubbe. Dette fortel at her har det vore drive sterk hogst i området. 
På Stord finn ein staden Studalen og garden Stuva, som kjem av same ordet. Med namnevalet Studalen er det teke omsyn til lokal uttale, medan Stuva tek omsyn til etymologien. 
Namnenemnda har i si tilråding valt å ta omsyn til den lokale uttalen. 
Ravatnet
Budalsvatnet
Tysevatnet
Inste Sørlivatnet
Stemmetjødno
Stovegolvet

Veg nr 1351: Vegnamn frå Heiane til Skjersholmane

Vegstykke E39/Fv 544 frå kryss med veg 1039 Heiane (E39) og 1283 Hatlandsmyro, vidare sørover til Skjersholmane ferjekai.

Namnenemnda sitt framlegg: Hatlandsdalen.

Område nr 1352: Hysstadøyane - Husøy, Valøy, Ytstøy og Midtøy

Områdeadresse utanfor Valevågen aust for Leirvik.

Namnenemnda sitt framlegg til områdenamn: Hystadøyane og at adressenamna til kvar av øyane blir slik: Husøy, Valøy, Ytstøy og Midtøy. 
     Namnenemnda foreslår skrivemåte Hystadøyane med ein s. Området ligg utanfor garden Hystad. 
Fyrste ledd i namnet har tradisjonelt vore tolka som mannsnamnet Hysing. Ei alternativ tolking er at staden opphaveleg har heitt Hus og at omlydsforma Hystad er ei seinare form. Begge tolkingane kan tala for skrivemåten med ein s. I målføreuttalen blir det brukt både enkel og dobbel s. 
I dette området er det mange namn som byggjer på Hystad, men det er ikkje konsekvent bruk av s i kartfestinga. Til dømes heiter det Hystadvegen og samstundes Hysstadtæet og Hysstadvika. Namnenemnda meiner at ein bør konsekvent skrive Hystad med ein s.

Veg nr 1353, Straumheiane 

Områdeadresse for Straumheiane ved Dåfjorden. 
Områdeadresse innanfor vedteken reguleringsplan - Straumheiane hytteområde, del av g.nr. 60 b.nr 1.

Namnenemnda sitt framlegg til områdenamn: Straumheiane. Adressenamn Straumheio, Fiskeneset og Furuneset som vist i kart.

Merknad og høyringsfrist

Etter høyringa blir framlegget med innspel sendt til Språkrådet for tilråding. Etter at høyringsinnspela er henta inn og Språkrådet har gjeve si tilråding, skal kommunen gjera vedtak.

Merknad til framlegga må sendast til Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord eller på e-post til post@stord.kommune.no innan 17. april 2025.