Rådmann Magnus Mjør ønskte dei nye lærlingane velkomen blant anna ved å poengtere kva investering lærlingar er for Stord kommune.
- Den årlege signeringa av nye lærlingar er ei investering for framtida. De lærlingar er viktige for oss, blant anna fordi kommunen ønskjer kvalifiserte og unge medarbeidarar, sa Mjør i velkomsttalen sin.
Fleire arbeidsplassar
Lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidarfaget vil ha arbeidsplassen sin i barnehage det første året, medan dei skal jobba i grunnskulen andre året. For helsearbeidarane vert det først eit halvt år i helseinstitusjon, deretter eit halvt år i sosial institusjon, medan resten av læretida vil vera ved heimebaserte tenester.
IKT- lærlingane vil ha arbeidsplassen sin på Eining for IKT, men dei vil ofte vera å sjå ute på serviceoppdrag både i skulane og i andre kommunale einingar. Feiarlærlingen held til på brannstasjonen.
Kontor- og administrasjonslæringane vil ha arbeidsplassen sin fordelt på tre forskjellige einingar i kommunen.
Bilete på topp:
Framme frå venstre: Hans Olav Petterteig, Elisangela P. Moreira, Luz Iselin Paulsen Tyse, Linda Bach, Hanne Pettersen, Synne Kambe Strømsnes og Ida Notland.
Bak frå venstre: Nadine Tveita, Jørgen Bauge, Andreas Sydnes Salomonsen, Maria Kulleseid Grande, Helena Spilde Vaksdal, Charlotte Hillestad, Siri Grov Nernes, Karin Vallestad Økland, Anngelen Fylling Hernes, Marita Zakariassen, Yvonne Herskedal Irgens og Prakaikaeo Rioem.
Trykk på bilete for å sjå det i stort format.