Ordførar Liv Kari Eskeland ønskte lærlingane velkomen med å uttrykka glede over å sjå dei nye medarbeidarane.

- Eg blei oppløfta og glad når eg kom inn her i dag og ser så mange nye kjekke medarbeidarar som skal vera med oss i dei neste to åra. Desse to åra går fort og snart skal de ta fagprøven. Ein av dei flottaste dagane me har i året er når me har fagbrevutdeling. Dei som mottar fagbrevet er rimeleg stolte, og me har me fått nye fagarbeidarar i kommunen vår, sa Eskeland.

Rådmann Magnus Mjør og Signe Ekeland frå Fagopplæringskontoret held også tale. Etter talane var det signering av kontraktar.

Fleire arbeidsplassar

Lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidarfaget vil ha arbeidsplassen sin i barnehage det første året, medan dei skal jobba i grunnskulen andre året. For helsearbeidarane vert det først eit halvt år i helseinstitusjon, deretter eit halvt år i sosial institusjon, medan resten av læretida vil vera ved heimebaserte tenester.

IKT- lærlingane vil ha arbeidsplassen sin på Eining for IKT, men dei vil ofte vera å sjå ute på serviceoppdrag både i skulane og i andre kommunale einingar.

Nye lærlingar 2015

Bilete:
Framme frå venstre: Elida Sjo Alsaker, Lill Iren Kvalheim Vik, Jeanette Haugvik, Victoria Hennis, Tonje Louise Myklevold, Anna Stokken, Lena Steien, Wahida Rahim, Andrea Tyse Eide.
Bak frå venstre: Martin Andersen Brekke, David Holm Grasdal, Matias Gravdal Toskedal, Synne Matre, Else Marie Abrahamsen, Håvard Koløen Johannessen, Silje Enoksen, Yasmin Kyvik Jozdani.

Foto: Haldis Lauksund. Trykk på bilete for å sjå det i full størrelse.