Måndag 19.08.19 var alle dei nye lærlingane samla for å skriva lærekontrakt og gjennomgå felles informasjon der dei blei betre kjent med Stord kommune som arbeidsstad. Alle fekk utdelt opplæringsbok mm. Det var lærlingkoordinator Siv Nesse som sto for oppstatsmøtet.
Ordførar Gaute Straume Epland ønskja lærlingane velkomen.
- Det å ta imot lærlingar er viktig for kommunen. Særleg på tre måtar:
Det er ein måte me kan vera med og gi moglegheiter til ungdommar i kommunen og regionen vår. Me er opptekne av at næringslivet skal ta imot lærlingar, og det er viktig at me som kommune også bidreg til at vidaregåandeelevane våre får læreplass.
Det å ta imot nye lærlingar er også vitkig for rekrutteringa vår. Stord kommune er ein stor arbeidsplass med over 1300 tilsette innanfor ei rekkje fagområde, og me har stadig behov for ny arbeidskraft.
Eg trur at det å ha lærlingar også er med å utviklar kommunen som organisasjon. Unge folk som er nye og nysgjerrige i faget, ser gjerne ting på ein litt annan måte og stiller gjerne spørsmål ved etablert praksis. På den måten vil dei også bidra til at me reflekterer over eigen praksis, utviklar og fornyar oss.
Stord kommune legg stor vekt på å vera ein god lærebedrift. Me ynskjer å leggja til rette for at lærlingane trivst, får god rettleiing og passande utfordringar. Me skal ta godt imot dei 17 lærlingane me tek inn i år, og ønskjer dei lykke til, sa ordføraren.
Det å ha eit godt planlagt og gjennomarbeida opplegg for heile læretida er viktig for å utvikla dyktige fagarbeidarar som trivst i jobben sin. Alle lærlingane har eigen instruktør, innan kvart fag og på kvar arbeidsplass dei er, som vil vera den næraste støttespelaren gjennom heile lærlingperioden fram til fagbrev. Instruktørane var også med på møtet.
Etter talar frå ordførar og rådmann var det kaka og fotografering.
Bilete bak frå venstre: rådmann Magnus Mjør, Børge Helland Nesbø, Thomas Sætrevik Folgerø, Trym Hammer Haga, Even Hauan, Emma Jensen Hjelland, Marcus Kvarme og ordførar Gaute Straume Epland.
Framme frå venstre: Helene Skjolde, Wahida Rahim, Marthe Markhus Ulriksen, Carina Chen Jonassen, Sina Bergljot Nonås Heidereich-Riis, Maria Fatland, Camilla Vinsjevik Svensen, Marte Restad Arntsen, Linn Renathe Aasheim og Susanne Flatraaker Morken.
Silje-Marie Flaraaker Isaksen var ikkje tilstades når bilete vart teke.