Stord kommune har i år teke inn 20 nye lærlingar og ein lærekandidat. Av desse er det tolv på barne- og ungdomsarbeidarfag, fem på helsefag, to på IKT-servicefag og to på feiarfag.

Sjå stort bilde med på alle lærlingane

Dei fleste lærlingane har ei læretid på to år i Stord kommune, men unntaket er feiarfaget som har ei læretid på tre år og dei som manglar tverrfagleg eksamen og tek praksis og teori i bedrift.

Fleire arbeidsplassar

Lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidfaget vil ha arbeidplassen sin i barnehage det første året, medan dei skal jobba i grunnskulen andre året. For helsearbeidarane vert det først eit halvt år i helseinstitusjon (sjukeheimen eller Knutsaåsen), deretter eit halvt år i sosial institusjon (bustader), medan resten av læretida vil vera ved heimebaserte tenester.

IKT- lærlingane vil ha arbeidsplassen sin på Eining for IKT, men dei vil ofte vera å sjå ute på serviceoppdrag både i skulane og i andre kommunale einingar. Feiarlærlingen vil ha læretida si i brannvesenet.

Ynskjer personleg søknad

Stord kommune tek inn nye lærlingar kvar vår.

– Uavhengig av søknad via Vigo.no ynskjer me personleg søknad frå dei kandidatane som ynskjer læreplass hos oss, seier Siv Nesse som er koordinator for lærlingordninga i Stord kommune.

Namn på lærlingane etter fag: 

Barne- og ungdomsarbeidarfaget


Margrethe Torsnes
Hanne Kolltveit
Inger Kristine Hatlevik
Tina Maria G. Engelsen
Rudi Rimmereide
Henrik Skjetne Lilleheie
Silje Johansen
David Vikanes
Erik Nilsen Onarheim
Fredrik Vinsjevik Rogne
Malin T. Stokken
Alice Thorland

Helsearbeidarfaget


Kristine Karlsen
Hanne Presthaug
Anita Gjerde
Amalie L. P. Agasøster
Line Valvatne Heggøy

 

IKT-faget


Tore Moseheim Larsen
Anders Austlid

Feiarfaget


Morten Rasmussen Kleven
Christopher Kalve