Rådmannen har reorganisert det administrative arbeidet med kommuneplanen.
Ottar Tvedten vil ha kommuneplanen sine langsiktige mål og retningsliner som arbeidsområde. Ansvaret for den overordna arealplanlegginga vert lagt til den kommunale eininga for regulering, byggjesak og oppmåling.
Tvedten har utdanning innan design, kunst, kommunikasjon, pedagogikk og språk - og har også ein mastergrad i organisasjon og leiing frå University of California.
Ottar Tvedten kjem frå stillinga som konsulent i Oktan Alfa der han har arbeidd som rådgjevar og konsulent for næringslivet, det offentlege og for fleire organisasjonar både lokalt og nasjonalt.