Annlaug Tenold har vore personal- og organisasjonssjef sidan 2012 og ønskjer no å ta fatt på pensjonistlivet. Siren Eldøy Hinderaker er 50 år og jobbar no hjå Baker Hughes Stord som HR manager på 9 året.
Hinderaker er utdanna sosionom med leiarutdanning. Ho har tidlegare jobba 14 år i kommunen - frå 1998 til 2012. Siste åra var ho leiar på NAV Stord.
- For meg er dette ein veldig interessant jobb. Mitt inntrykk er at det er mange spanande prosessar på gong i Stord kommune med mange flinke medarbeidarar. Eg gler meg til å vera del av teamet som vidareutvikle organisasjonen, seier Hinderaker.
Det var 16 søkjarar til stillinga som personal- og organisasjonssjef i Stord kommune, og 9 personer var inne til intervju. Éin person trakk søknaden sin før tilsetjingsprosessen byrja.
Me ønskjer ho velkomen tilbake til oss!