Linda Mari Hammersland er 45 år og kjem frå Stord. Ho har budd mange år i Oslo og Bergen, før ho kom tilbake til Stord for å ta turnus ved Stord sjukehus. No jobbar ho som fastlege i vikariat.

Før ho byrja å studera medisin var ho i Forsvaret, studerte på politihøgskolen og tok master i samfunnssikkerhet ved universitetet i Stavanger. Deretter studerte ho medisin i Bergen.

Kvifor søkte du jobben?

Eg tykkjer det er veldig spanande å få jobba med helsetenester på eit administrativt nivå. Det å få vera med å setja ei retning og jobba systemastisk for å oppnå bedre helsetenester for innbyggjarane på Stord var noko som tiltala meg, seier Hammersland.

Linda Mari gledar seg til å ta fatt på nye oppgåver.

Det blir veldig spanande å få ha ei hand på rattet i levering av helsetenester i Stord kommune. Det å få vera med å gje folk ei tryggleik rundt helsetenestene og at systema er der når du treng dei blir både utfordrande og givande å jobba med framover. Eg likar godt å jobba saman med folk og jobba i team. Å få fram gode løysingar i helsetenesten krev teamarbeid både internt i kommunen, men også med mange aktørar eksternt. Det å få mogligheit til å vera kommunen sin representant, og samtidig skulle samarbeida godt på tvers av etatar og tenester trur eg blir veldig kjekt framover, avsluttar Hammersland.

Oppstartsdato er ikkje fastsatt.

Me ønskjer Linda Mari Hammersland velkomen til oss.