Den nyoppretta stillinga som kommunalsjef med særleg ansvar for dei tekniske tenestene er tillagt eit særskilt ansvar for kommuneplanlegging, næring og utvikling. Stillinga er eit vikariat i perioden 1. september 2016 - 31. desember 2017 med høve til fast tilsetjing.
- Det var fleire gode kandidatar på søkjarlista, og me ser fram til å få Lovise Vestbøstad med på laget i strategisk leiing, seier rådmann Magnus Mjør.
Lovise Vestbøstad byrja i Stord kommune som einingsleiar ved eininga for regulering, byggjesak og oppmåling i februar i 2014. Ho har bakgrunn både som samfunnsgeograf i Akvator AS og som ansvarleg innanfor planbyggesaker i Fitjar kommune.
Bilete i tekst: Lovise Vestbøstad (foto: Svein Andersland)