25.august tek Iren Dyrset til i stillinga som kvalitetsansvarleg/controller i Stord kommune. Stillinga er nyoppretta.
Sentrale oppgåver vil m.a. vera kvalitetssikring, vidareutvikling av kvalitetssystema til Stord kommune, målstyring og rapportering.
Iren Dyrset er frå Stord og arbeider i dag som advokat. Ho har tidlegare arbeida som personalkonsulent i Øygarden kommune og som juridisk rådgjevar i Fjell kommune.