I samråd med dei politiske partia på Stortinget har regjeringa vedteke å arrangera ei nasjonal minnemarkering etter angrepa på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli. Markeringa vil finna stad i Oslo Spektrum søndag 21. august.
Stord IL friidrettsgruppa deler Norges idrettsforbund (NIF) si oppfatning om at planlagte idrettsarrangement skal gjennomførast 21.august, men at det vert utvist ein særskilt verdighet med respekt for dei som vart råka den 22.juli.
Under Stordleikane vil friidrettsgruppa difor ha ei markering i samband med den nasjonale minnemarkeringa. Ordførar Liv Kari Eskeland vil delta på markeringa på Stord stadion.
Styreleiar Runar Øvrebø i Stord IL friidrettsgruppa oppmodar også alle som er med på Stordleikane om å la årets Stordleikar bli prega av varme, fellesskap og om at vi bryr oss om kvarandre.
Les Øvrebø sin appell i programavisa for Stordleikane:
La oss skape fellesskap og samhald
Etter det vonde som har skjedd på Utøya og i Oslo skal vi saman møte kvardagen.
I helga skal vi stå saman og knytte tetteband under årest Stordleikar. Med ekte idrettsglede skal vi løpe og hoppe for framtida. Vi skal ikkje slutte å vise glede. Vi skal møte det vonde med det gode slik vår statsminister klart og tydeleg har oppmoda landet til.
Difor skal vi halde fram med å juble og glede oss over andre og våre eigne prestasjonar under idrettsleg kappestrid på Stord stadion. Men og ha tid til omsorg og ettertanke.
På sundag er det nasjonal minnemarkering i Oslo Spektrum. Vi sender våre tankar og støtte til dei etterlatne og alle dei involverte i dei grusomme timane 22. juli.
Under Stordleikane vil vi sjølvsagt ha vår markering. La årets Stordleikar bli prega av varme, fellesskap og om at vi bryr oss om kvarandre. Så kan vi møte morgondagen og det vonde med noko godt i staden for.
Med helsing Runar Øvrebø
Styreleiar Stord IL friidrettsgruppa