Lys som vart nytta under markeringa ved Storddøra vart samla inn og smelta om. Resultatet er dei fem minnelysa som ordføraren nyleg fekk overlevert.
Det er Stord husflidslag som har gjort jobben med å smelta om lysa til minne om dei mange ofra for terrorhandlingane i fjor sommar.
– Det er ikkje avklart kva me skal bruka minnelysa til enno. Men me avventar ei nasjonal markering 22. juli i år. Då er det naturleg å nytta lysa i den samanhengen, seier ordførar Liv Kari Eskeland.