Hordaland fylkeskommune vedtok i 2009 at alle dei vidaregåande skulane i fylket skulle vera miljøsertifisert innan 2012. I november 2011 vart skulen på Stord sertifisert, og onsdag denne veka fekk dei altså overlevert plaketten som syner at verksemda er eit miljøfyrtårn.
Avfallssortering størst
– Me er stolte over å ha blitt miljøfyrtårn. Samstundes er det veldig forpliktande, og det er jo eigentleg no arbeidet tek til, seier assisterande rektor Lars Dyhrfjeld.
Eva Hamre Olsen som har leia miljøgruppa på skulen fortel at avfallssortering er det største fokusområdet i Stord vidaregåande skule sitt miljøfyrtårnprosjekt.
– Me er ikkje i mål enno, og jobbar no for å leggja om avfallshandteringa slik at me får stasjonar i korridorane, opplyser ho.
Må ha det i bakhovudet
Ho legg til at dei også jobbar med å spara straum, betra det fysiske miljøet, skapa trivsel, vera medvitne ved innkjøp og materialbruk, samordna transport i samband med reising, og oppmoda tilsette og elevar til å sykla til skulen.
– Dette er tema som me utfordrar elevar og tilsette på. Me må ha det i bakhovudet heile tida dersom me skal bli betre, seier Hamre Olsen.
Bildet: Varaordførar Leif Steinar Alvsvåg overrekkjer miljøfyrtårnplaketten til Eva Hamre Olsen i miljøgruppa ved Stord vgs. Assisterande rektor Lars Dyhrfjeld til venstre.